|
|
|
|
|
Breturar |
|
På Nigardsbreen er det daglege brevandringar av ulik vanskegrad og lengd. Her finst alternativ både for barnefamiliar og for dei meir aktive.
Jostedalen breførarlag
Facebook
|
|
Urnes stavkyrkje |
|
Den eldste stavkyrkja i Noreg, også på UNESCO si verdsarvliste.
Urnes Stavkyrkje
Urnes stavkyrkje hjå UNESCO
Facebook
|
|
Sognefjellet |
|
Den høgste fjellovergangen i Nord-Europa. Vegen ligg tett opp mot Jotunheimen Nasjonalpark i sør og Breheimen i nord.
Sognefjellet
Facebook
|
|
Rafting
|
|
Rafting i Jostedalselva, den ville breelva som kjem frå Jostedalsbreen. Turar for heile familien.
Riverpig
Facebook
|
|
Kajakkturar på brevatn
|
|
Icetroll arrangerer padleturar på Styggevatnet frå starten av juli (vanlegvis). Her kan ein òg nytta sjansen til å gå på Austerdalsbreen, som ligg til dels i vatnet.
Icetroll
Facebook
|
|
Lustrabadet
|
|
Har du lyst til å ta ein dukkert i det nybygde badeanlegget her i Gaupne? Lustrabadet ligg knappe 600 meter frå Sandvik Camping og har til saman 7 basseng, deriblant barnebasseng, velværebasseng og idrettsbasseng.
Lustrabadet
Facebook
|
|
Feigumfossen |
|
På andre sida av Lustrafjorden ligg Feigumfossen, eit av Noregs høgste frie fossefall, på 218m.
Feigumfossen
|
|
Fjordkajakk |
|
Kajakkturar på Lustrafjorden, mange opplevingar undervegs.
FjordSeal
Facebook
|
|
Juving og fjellfiske |
|
I Leirdalen kan ein bli med på juving, fjellfiske, breturar og fjellturar i rolege omgjevnadar.
Leirdalen Bre og Juv
Facebook
|
|
Bresenteret i Jostedalen |
|
På Bresheimsenteret i Jostedalen finn du utstillingar, souvenirbutikk, café og ei fantastisk utsikt mot breen. Dette er òg startpunktet for utflukter og aktivitetar i Jostedalen, som brevandring, rafting, kajakkturar m.m.
Breheimsenteret
Facebook
|
|
Fjelltur |
|
I fjella rundt Gaupne er det mange ulike turar ein kan gjera på eiga hand. DNT-hytta på Navarsete er eit godt startpunkt.
DNT
|
|
Ski |
|
Sogn skisenter ligg på Heggmyrane ved Hafslo, ti minuttars biltur frå Gaupne. Anlegget har to trekk og seks nedfartar, m.a. Sognefjordløypa, som er Noregs lengste. 13 km preparerte langrennsløyper. Utstyrsutleige og café.
Sogn skisenter
Facebook
|