Både Pluscamp Sandvik og
Gaupnetunet hotell ligg midt i Gaupne sentrum, i rolige omgjevnadar, og er gode
utgangspunkt for aktivitetar og attraksjonar i nærområdet.
Pluscamp Sandvik er ein
idyllisk familiecamping ved Sognefjorden. Campingplassen ligg midt i ein gamal
frukthage, med utsikt til ein brearm av Jostedalsbreen frå plassen.
Pluscamp Sandvik og
Gaupnetunet ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og her er det moglegheiter
for å bli med på gaida breturar, kajakkturar, rafting og andre organiserte
aktivitetar. I fjella rundt oss finst ei mengd godt merka fjellturar ein kan gå
på eiga hand, mange av dei har fantastisk utsikt.
I resepsjonen er me
behjelpelege med informasjon om aktivitetane, og bestilling på forskjellige
turar.
Klimaet ved Sognefjorden
er unikt. Våren med fruktblomstring ved fjorden og snø på fjelltoppane.
Sommaren er sjølvsagt den mest hektiske tida med mykje aktivitet alle plassar.
Hausten kan ta pusten frå
alle og ein kvar med alle sine fantastiske haustfargar, dette er også tida for å
kjøpe lokal fersk frukt. Vinteren er ei roleg tid, så for deg som likar
vinteraktivitetar på ikkje alt for overfylte plassar, så er me på Pluscamp
Sandvik og Gaupnetunet eit godt utgangspunkt.