Restaurant


Gaupnetunet/Restaurant
  • RMS_2573 (2)

Selskapsservering

Me tilbyr selskapsservering til ulike typar arrangement gjennom heile året.

Til møte eller kurs kan ein leiga konferanserom eller møtesal, med prosjektor og anna utstyr. Me serverer pausemat, og ulike lunsj- eller snackalternativ. 

Grupper, lag og familiar i alle storleikar er velkomne. I Peisestova kan me hysa 60-70 personar, eller me kan dekka eit meir intimt bord, for 2-30 personar, i Instastova.

Me strekkjer oss langt for å tilby den maten du ynsker, servert etter ditt val. I tillegg til lunsj og middag, har me eit stort utval dessertar og festkaker - spør gjerne etter eit oversyn. Til selskap kan me òg ta oss av servering av dykkar eigne kaker. 

Til dei verkeleg store dagane, dekkjer me opp langbordet og pyntar til fest. Kvar mai gler me oss over å få ta imot nokre av årets konfirmantar, og dette ser me fram til å fortsetja med i åra framover. Mange er tidleg ute med førebuingane, og me har opna for bestillingar fram til 2020. 

For meir informasjon om ledig kapasitet, menyar og prisar, ring oss på 99 20 61 10 eller send ein e-post til post@gaupnetunet.no 

 

Pizzameny


Margarita 126,-
Tomatsaus, tomater, ost

Viking 146,-
Tomatsaus, kjøtdeig, purreløk, soltørka tomat,sopp, oliven, ost

Skinke pizza 132,-
Tomatsaus, skinke, ost

Pepperoni 142,-
Tomatsaus, skinke, sopp, mais, ost

Norvège 142,-
Tomatsaus, kjøtdeig, vårlauk, solturkatomat,sopp, oliven, ost

 


Ruccola 158,-
Tomatsaus, spekeskinke, ruccola, ost

Hawaii 142,-
Tomatsaus, skinke, sjampinjong, ananas, ost

Vegetar 139,-
Tomatsaus, paprika, sjampinjong, purrelauk, oliven, ost

Capricciosa 178,-
Tomatsaus, skinke, bacon, sopp, paprika, oliven, egg, ost

   
Alle pizzaane kan òg lagast med glutenfri botn! tillegg kr. 40,-


VisBook AS > visbook.com