Om oss

Velkommen til oss!

Gaupnetunet Hotell & Hytter med Pluscamp Sandvik er ei familiedreven bedrift, og heile familien Sandvik er å sjå rundt om til ulike tider.

Hans Olav har alltid vore involvert i reiselivsbransjen, og overtok Sandvik Camping i ung alder. Det går sjeldan ein dag utan at Hans Olav er å sjå i full sving på området, om det er bak resepsjonen, på kjøkkenet eller i samtale med gjestene. Mor i huset er Bjørg Anette, og ho er limet i familien. Ho held seg helst i bakgrunnen, men er å sjå på ein kaffikopp innimellom. I 2013 bestemte familien seg for å utvide bedrifta og kjøpte  det som i dag er Gaupnetunet hotell.

Gleda for reiseliv deler også Hans Olav med eldste dattera Anja. Ho gjekk ut av Høgskulen i Sogndal i 2013 med ein bachelorgrad i Økonomi og administrasjon, og gjekk raskt inn i rollen som dagleg leiar for det nye hotellet. Utanfor jobben er Anja også svært musikkinteressert, ein glede som ho delar med ektemannen. Dei to driv gard, og Jan Ove står sjølvsagt for all brøyting og anna vedlikehald rundt om på hotellet og campingen. Saman har dei også to born, som ein ofte kan sjå springande rundt på hotellet med kvar sin is i handa.

Nummer to i familien Sandvik, Jostein, er også komen inn i familiebedrifta. Jostein er utdanna elektrikar, og jobba som dette i fleire år, samtidig som han hjalp til på hotellet. I 2020 gjekk han over til å jobbe fulltid på Gaupnetunet, mellom anna  som kokk, og gledar no både gjester og tilsette med nydelige kaker og gode matrettar.

Yngstemann i flokken, Guro, studerar historie i Norge og elles rundt om i verda. Ho likar seg  best når ho får reise rundt, men er å sjå som servitør i restauranten innimellom i løpet av sommarsesongen.

Hotellet og campingplassen ligg i rolege omgjevnadar, likevel svært sentrumsnært og er gode utgangspunkt for aktivitetar og attraksjonar i nærområdet. Me ligg midt mellom tre nasjonalparkar og like ved porten til Jostedalen. I resepsjonen er me behjelpelege med informasjon om alt som er å sjå og oppleve rundt oss, og prøver å finne dei rette aktivitetane og attraksjonane å anbefale deg og ditt turfølgje.

Campingområdet vårt ligg i ein gamal frukthage, der me framleis haustar frukt og bær. Av dette produserar me vår eigen eplemost og limonade som du får smake i hotellrestauranten eller kjøpe med deg heim!

—foto: Mariell Øyre