
Sov godt hjå oss
Gaupnetunet tilbyr fleire ulike overnattingsmoglegheiter slik at du kan velge det som passar deg best.
Alle rom har eige bad og frukostbuffèt inkludert.
Romtypar
-
Enkeltrom
Enkelt og koseleg rom for deg som reiser aleine, om det er for jobb eller ferie.
-
Standard Twin
Hyggeleg rom med plass til to. Vindauge vendar mot elva, og gir ein roleg og fredeleg atmosfære.
-
Familierom
Om du er på tur med familien, eller ynskjer litt meir plass, er familieromma våre eit godt val. Her er det sengeplass til 3, med moglegheit for ekstrasenger.
-
Superior
Superiorromma er flotte for deg som vil unne deg litt ekstra luksus på ferie. Dette er store og koselege dobbeltrom, med moglegheit for ekstra senger. Her har du også ei eiga sittegruppe og kjøleskap.
-
Junior suite
Eit perfekt rom for deg som ynskjer større plass og litt ekstra friheit. Dette er eit stort dobbeltrom med god moglegheit for ekstra senger. Her har du sittegruppe, kjøkkenkrok, og du kan nyte sola på eigen veranda. Desse romma har også aircondition til varme dagar.
Hytter - frå heilt enkel standard til høgstandard
-
A-hytte
Enkel standard og godt alternativ til telt på ein ruskeværsdag. Hytte for ein eller to reisande. Hyttene er eitt rom, med kjøleskåp og kokeplate. Kvar hytte har sin eigen koselege uteplass der du kan nyte utsikta mot fjell og grønn natur.
-
B-hytte
Hytter med enkel standard, med kokeplate, kjøleskåp og kaldt vatn. Hyttene er to-roms campinghytter for 4 personer med god utsikt mot fjellet Hest. Hyttene har enkle køyesenger, perfekt for vennegjengen eller små familiar.
-
C-hytte
Høgstandardhytter med ein velutstyrt kjøkenkrok med oppvaskmaskin, kjøleskåp og steikeovn. Perfekt for dei som ynskjer sjølvhushald. Separat soverom med tre sengeplassar og privat bad. I tillegg kan du nyte kaffien på terrassen.
-
D-hytte
I hytta finn du stove m/tv og sittegruppe, spiseplass for heile gjengen og ein romsleg uteplass. Hyttene har 2 soverom, eige bad og eit velutstyrt kjøkken, med kjøleskåp, oppvasmaskin, steikeovn og kaffitraktar. Perfekt størrelse for 4-6 personar.