Campingplassen ligg i nydelege omgjevnadar inst i Sognefjorden. For telt og camping har me store og romslege områder med plass til 40 einingar.

Sanitærbygningen vår tilbyr familierom, med toalett, dusj, og stellerom spesielt tilpassa dei minste. På sanitæranlegget vårt er det også opphaldsrom, med kjøkken og spiseplassar. I tillegg har vi vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.

På hotellet vårt kan ein kjøpe kioskvarer i resepsjonen eller spise middag i restauranten.
For ungane har me også eit leikeområde med sklie, sandkasse, trampoline og huskestativ.