Me har open sommarrestaurant frå juni til august. Vel frå à la carte-menyen, eller prøv ein av dei steinomnsbakte pizzaane våre. 

Det er servering både innandørs og utandørs. Ute kan du få nyta velsmakande rettar under blomstrande epletre.   

Utanom sommarsesongen har me matservering for hotellgjester.
Det er òg mogleg for andre å bestilla middag eller pizza.

Restaurant

Me tilbyr selskapsservering til ulike typar arrangement gjennom heile året.

Til møte eller kurs kan ein leiga konferanserom eller møtesal, med projektor og anna utstyr.

Me serverer pausemat, ulike lunsj- eller snacks alternativ og middag.  Grupper, lag og familiar i alle storleikar er velkomne. I Peisestova kan me husa 60-70 personar, eller me kan dekka eit meir intimt bord, for 2-20 personar, i Instastova eller på møterommet.

Me strekkjer oss langt for å tilby den maten du ynsker, servert etter ditt val. I tillegg til lunsj og middag, har me eit stort utval dessertar og festkaker - spør gjerne etter eit oversyn. Til selskap kan me òg ta oss av servering av dykkar eigne kaker. 

Til dei verkeleg store dagane, dekkjer me opp langbordet og pyntar til fest. Kvar mai gler me oss over å få ta imot nokre av årets konfirmantar, og dette ser me fram til å fortsetja med i åra framover. For meir informasjon om ledig kapasitet, menyar og prisar kan du ta kontakt